-
Når personar blir ramma av hjerneslag, er det viktig med rask behandling. Derfor er det viktig at folk flest har god kjennskap til symptoma, og ikkje nøler med å ringje 113 dersom ein person får slag.
Hjerneslag er ein av dei tre store og alvorlige folkesjukdommane i landet, etter kreft og før hjarteinfarkt. Årleg blir om lag 15 000 personar i Noreg ramma av hjerneslag. Sjukdommen er den viktigaste årsaka til at personar blir uføre eller innlagde på sjukeheim, og ein av dei hyppigaste årsakene til død.
Kva er symptoma på hjerneslag?
Personen blir skeiv i ansiktet
Test: Be personen om å smile eller vise tenner.
Personen blir lam i den eine armen
Test: Be personen om å løfte armane.
Personen får språk- og taleproblem (vanskeleg å finne og uttale ord)
Test: Be personen seie ei enkel samanhengande setning.
Ved mistanke om hjerneslag – Ring 113!
Symptoma på hjerneslag skal bli tekne på alvor på lik linje med brystsmerter og mistanke om hjarteinfarkt.
Skriv ned når plagene begynte! Det er viktig for behandlinga at helsepersonell veit klokkeslettet. Personar med symptom på akutt hjerneslag skal sendast rett til akuttmottak for legeundersøking og bildediagnostikk.
Dersom symptoma går fort over kan det ha vore eit såkalla ”drypp”. Eit drypp er veldig ofte eit forvarsel om eit hjerneslag, og må bli teke på alvor. Legevakt eller fastlege skal derfor alltid kontaktast med ein gong for undersøking og behandling.
Kvifor er det viktig å handle raskt?
Kvart minutt teller i den akutte behandlinga av hjerneslag. Ved hjerneslag blir blodtilførselen til hjernen hindra. Hjernen er sårbar for svikt i blodtilførselen og skader kan oppstå etter få minutt. Muligheitene for å hindre permanent hjerneskade og funksjonshemning aukar dersom den slagramma får rask behandling.
Pasienten må komme til sjukehus innan tre timar for å kunne få medisin som løyser opp blodproppar (trombolyse).
Les meir på Helsedirektoratet sine nettsider om ny rettleiing for slagbehandling