Hopp til hovedinnhold

Brukarmedverknad i nytt helseføretak – ”Helse Møre og Romsdal”

Pressemelding frå brukarutvala i Helse Nordmøre HF og Romsdal og Helse Sunnmøre HF.

  • Brukarutvala i Helse Nordmøre og Romsdal HF og Helse Sunnmøre HF er samstemte i måten å fungere på, og kva ein skal ha fokus på i det vidare arbeidet.
  • Etter helseministeren sitt vedtak om samanslåing til eit helseføretak i Møre og Romsdal har brukarutvala i Helse Nordmøre og Romsdal og Helse Sunnmøre arrangert felles møte den 10. februar.
  • Brukarutvala i dei to helseføretaka har sterke forventningar om at administrasjonen for det nye helseføretaket blir fysisk plassert i Møre og Romsdal fylke. Godt leiarskap føreset nærleik og god tilgjenge, noko som er særs viktig i vårt fylke med gjeldande geografi og infrastruktur.
  • Dei to eksisterande brukarutvala skal utarbeide felles retningsliner for verksemda si i det nye helseføretaket
  • Begge noverande helseføretak har vedteke eigne handlingsplanar for brukarmedverknad. Gjennomføring og ansvarleggjering av tiltaka i ein felles handlingsplan blir ein viktig oppgåve for brukarutvalet i det samanslåtte helseføretaket.
  • Brukarutvala ønskjer for framtida ein sterkare representasjon i alle utval m.v. der dei er representert i dag.
  • Brukarutvala ser gjerne at det blir gjennomført brukarundersøkingar for å måle effektar av samanslåinga av dei to helseføretaka i Møre og Romsdal.

Volda, 15. februar 2011

Edgar Bæverfjord Hanne Lilian Søvik
Leiar for Brukarutvalet i
Helse Nordmøre og Romsdal HF
Leiar for brukarutvalet i
Helse Sunnmøre HF

 

 

 

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 23.02.2011 13:35

Arnt Sommerlund